NKUL 2015 er over. Enno eit vellukka besøk til Trondheim og Gløshaugen er gjennomført. Nkul har funne ei form som funkar. Eit kompakt arrangement med kort avstand mellom alle ting. Eit tydeleg fokus på pedagogikk og metodikk. Lite rom for dei kommersielle aktørane. Dette er deler av det som gjer NKUL til den viktigaste teknologi og pedagogikk konferansen i året for meg.

 

2015-05-07 13.12.24

Alle deltakarane frå Odda skriv erfaringane sine inn i eit Google samskrivingsdokument. På den måten får alle seia litt, eller mykje om kva dei har høyrt som har vore inspirerande. Samskrivingsdokument er ein god og viktig ting, men for #oddaskolen trur eg det er ein annan bit som er mykje viktigare! I år var vi 22 deltakarar frå #oddaskolen. Innafor hashtaggen #oddaskolen finn ein barnehagar,barneskular,ungdomsskular,PPT, Logoped,vaksenopplæring og skuleleiing.   Det å vera så mange flinke pedagogar frå samme kommune, gjer oss ei kjensle av kollektiv satsing som er svært verdifull. Vi samlar alle oddingane til ein minikonferanse (1 time) i løpet av NKUL. Det gjer rom for at alle kan koma med ei kort tilbakemelding om kva dei har fått med seg som spesielt interessant. Dette gjer oss ei ” Vi-kjensle” som  er svært verdifull og som eg veit mange andre misunner oss.

Vi er stolte av at #oddaskolen er vorte ei merkevare i NKUL miljøet. Når du seier at du kjem frå Odda så får ein heva augnebryn og klapp på skuldra. ” Åja der skjer det jo så mykje spanande” seier folk du aldri har møtt før. Slikt gjer noko med sjølvkjensla og vissa om at ein bur i ein kommune der skule vert prioritert.

I år hadde vi med oss ein utflytta odding på deler av den sosiale biten. Nils Skutle har budd i Trondheim i mange år og har vore direktør i Rosenborg i 14 av dei. Sjølv om han har vore borte frå Odda i mange år, og er ein aktør i det private næringsliv, så var det kjekt å høyra han rosa #oddaskolen for at dei satsar på teknologi og har eit framtidsretta fokus. Ting endrar seg utruleg fort i dag sa Nils. Enten er ein nysgjerrig  på det nye, eller ein er akterutseilt. Nils er ein interessant samtalepartnar . Eg la merke til at han stilte eit todelt spørsmål til fleire av deltakarane frå Odda. “Har du lært noko på NKUL” spurde Nils. “Ja” svara folk. “Kva har du lært då” kom det kjapt frå Nils. Då vart det vanskelegare å finna eit godt og klart svar. Eg har grunna litt på kvifor og eg meiner eg har funne noko av forklaringen. Forklaringa er at ein lærer svært lite på ein konferanse som NKUL. Ein vert  inspirert, ein vert opplyst om nye ting, ein treff nye spanande kontaktar, ein høyrer om nye appar,nye program, ny forskning, nye politiske visjonar som berre er gamle tankar pakka inn i nye veldreide vendingar.

Lærer ein noko i det heile? Eg hadde to flotte lærarar frå Skare barneskule med meg i bilen til og  frå Bergen. Torlaug og Grethe er tidlegare kollegaer av meg. Flinke, solide, reflekterande lærarar. Etter tre dagar med #oddaskolen på NKUL var dei inspirerte. Dei hadde høyrt andre lærarar fortelja om nye måtar å skapa læringsresultat på. Nye måtar å ta i bruk IKT på, nye spanande appar for lesing og skriving. Dei var oppglødde og inspirerte og det var veldig kjekt for meg som har vore ein igangsettar i høve NKUL i Odda. Eg gav dei eit velmeint råd. Rådet var dette : Når de kjem på skulen på måndag skal de bestemma dykk for kva appar de ikkje skal gjera noko med. De skal skrella knallhardt bort dei fleste appane de har høyrt om, og så skal de bestemma kva for ein app, eller ide eller program som de skal nytta i eiga klasserom ! Ein ting som skal nyttast med eigne elevar. Ein ide som IKT gjer det mogeleg å gjennomføra. Eit prosjekt eller opplegg som ein ikkje kunne gjera like godt utan teknologi! Først da vil ein læra noko om nettopp den appen, eller programmet,eller samskrivingsdokumentet. Poenget mitt er at gløymselskurva er bratt innafor IKT også. Eg trur mange kjem inspirerte frå NKUL, men når dei møter kvardagen når dei kjem heim, så vert ikkje ny inspirasjon gjort om til handling som skapar endring i lag med eigne elevar og eigne kollegaer. Fort deg å dra i gang eit prosjekt når du kjem heim, er mitt råd.

Terje Pedersen frå Rothaugen skole i Bergen hadde ein flott sesjon i år. Dei har hatt mange spanande prosjekt på Rothaugen skole. Eg har følgt @terjepe på twitter lenge. Det mest spanande med sesjonen til Rothaugen var definitivt at det var elevane sjølve som presenterte arbeidet sitt.  Slike presentasjonar bør vi ha mange fleire av. Sjølv vurderte vi dette i Odda når eg skulle ha ein sesjon og presentera spillplattformen Smartfeet. Vi har flotte elevar som kunne vore med og kasta glans over presentasjonen. Grunnen til at det ikkje vart noko av, er at det gjer noko med NKUL for læraren som skal ha ansvar for desse elevane. Ikkje noko Mikrobryggeri og sosial mingling på kveldstid når ein har elevar med på laget. Kanskje skulle NKUL gjera seg nokre tankar om korleis ein kunne løysa ei slik utfordring. Kva om ein arrangerte ei teknologisamling for interesserte elevar parallelt med NKUL. Da kunne elevar treffa likesinna og ha spanande samarbeid over eit par dagar, og presentasjon av prosjekt på NKUL vart berre ein del av eit større opplegg for desse elevenane. Ideen er gratis. Værsågod Vegard Moen .

Eg ser at Frøydis Hamre @kjemikeren har blogga frå NKUL også

https://kjemikeren.wordpress.com/2015/05/09/vi-vet-hvor-vi-vil-men-hvordan-kommer-vi-dit/

Ho peiker på at vi manglar dei som utgjør hoveddelen av lærerne. Eg synes tblyantmetaforen som eg har oversatt frå engelsk gir eit godt bilete av dette.  http://1drv.ms/1IuGnqk Frøydis utfordrer skolenorge og ber dei sende fleire “ikke frelste”. For Oddaskolen sin del kan eg lena meg tilbake og si ja det gjør vi kvart år, vi blandar dei erfarne framoverlente med nye “vanlige” lærarar og så vonar vi at dei blir inspirerte.

Debatten mellom Torbjørn Røe Isachsen og Trond Giske var både frisk og interessant, men eg må få lov til å seia at eg er bekymra når Isachsen i stt nye oppdragsbrev til IKT-senteret peiker på eit nytt satsingsområde, nemlig fokus på korleis ein ikkje skal bruka IKT. Jeg synes vi skal ha fullt fokus på dei gode metodane og ikkje kasta bort tid på å peike på bruk som vi allereie veit er dårlig .

Eg vil og peika på ei stor politisk utfordring som eg synes er rart ikkje nokon plukker opp og gjer til ei nasjonal satsing. Alle skuleleiarar melder kvart år såkalla GSI-tal. For nokre få år sidan vart skular bedne om å telja talet på pc-ar på skulen. Ein skulle ha to tal. 1. tal på pc-ar som var kobla til internett og 2. tal på pcar som ikkje var kobla til internett. Tenk det. For omlag 5 år sidan var mange av skulepcar ikkje kopla til internett. I dag spør ein seg sjølv, kva skal ein med ein pc utan internett? Når installerte du eit program via ein cd-romplate sist? I løpet av få år har alt flytta seg opp i skya og det handlar ikkje så mykje om kva dings ein velgjer. Det handlar mest om alt om eit stabilt,raskt trådlaust nett. Det burde nokon i regjeringskvartala plukka opp.

Det er ei nasjonal oppgåve å syta for at alle elevar i norsk skule har tilgang til eit godt stabilt nett. Det er ein føresetnad for å utvikle seg digitalt i skulen. Det skal ikkje vera opp til kommunal økonomi og framsynte lokalpolitikarar at elevar får dei beste mogelegheiter inn i det 21ste århundre. ” La dei 1000 blomster blomstre” sa Isachsen og overlot ansvaret til den einskilde kommune. Nei seier eg. La ikkje dei 999 blomster visne fordi dei bur i feil kommune. Sørg for at alle blomstene har det vatnet og den gjødsel dei treng gjennom eit trådlaust nett og så kan kommunane gjera eigne val vedrørande skyløsning og type digital dings. Det er allikevel underordna eit stabilt og raskt internett.

 

Sven Olaf Brekke er rektor på Odda ungdomsskole og har markert seg som en innovativ skoleleder. Flere prosjekter er initiert på Odda ungdomsskole. Han tvitrer under navnet @svenolafbrekke og hasthagger med #oddaskolen

Tankar etter NKUL 2015
Tagged on:             

Leave a Reply